Kvalitetsleverandør
Linn Bad AS er ei familiebedrift - 3. generasjon har akkurat teke over roret. I 45 år har me designa og produsert baderomsmøblar i Vik i Sogn. For oss handlar dette om handverkstradisjonar og kvar me kjem frå. Me har kvalitet, funksjonalitet og design i vårt DNA. Me er også opptekne av å skrive nynorsk. Me vil vere ekte, også når det gjeld språket vårt. Linn Bad - kortreist, norsk kvalitet i 45 år.